Råd og finans
Har du eit ønskje om å etablere ny verksemd,
eller har di bedrift planar om nye satsingar?
Bedrifter, organisasjonar eller privatpersonar som ynskjer å starte eller utvikle verksemd i Sykkylven kan søke om økonomisk bistand frå lokalt næringsapparat.
Vi tilbyr rådgjeving og forvaltar fleire tilskotsordningar:
Hoppid-midlar
Kommunalt næringsfond
Omstillingsmidlar
Næringshageprogrammet
I tillegg til at vi forvaltar lokale støtteordningar, har vi også oversikt over finansieringsordningar i det offentlege verkemiddelapparatet.
Vi høyrer gjerne meir om din forretningsidé eller prosjektplan, og kan gi rettleiing for korleis du kan ta ideen eit steg vidare.
Ta kontakt for hjelp til å navigere.
Søk om støtte i dag
I tillegg til Hoppid-midlar og kommunalt næringsfond, har vi i omstillingsperioden til Sykkylven kommune (21-26) ein ekstra pott å dele ut støtte frå.
Kanskje kan di bedrift dra nytte av rettleiing og økonomisk støtte for styrka konkurransekraft?
Oppstart
Hoppid-midlar er avklaringsmidlar for å kartlegge forretningsgrunnlaget for din forretningsidé. Kommunalt næringsfond og omstillingsprogrammet kan også gi støtte til oppstarten.
Utvikling
Kommunalt næringsfond kan gi støtte til utviklingsprosjekt i bedriftene i kommunen.
Omstillingsprogrammet kan også gi støtte til prosjekt som bidreg til ei berekraftig utvikling av næringslivet - overordna eller i bedriftene. Gjennom omstillingsprogrammet kan ein få støtte til forstudie og forprosjekt.
Som målbedrift i Næringshageprogrammet kan bedriften få subsidie til konsulenttjenester, og delta i ulike faggrupper for kompetansepåfyll og erfaringsutveksling med andre bedrifter i Rauma, Vestnes, Nesset og Fjord.
Scroll ned for å lese meir om dei ulike kommunale støtteordningane for etablerte bedrifter, eller om etablerarstøtte for du som er gründer, gjennom Hoppid.
Ta kontakt for råd og rettleiing.
Du finn oss i Pilgata 10, Sykkylven
tekst her???
Sykkylven kommune har blitt tildelt status som omstillingskommune for perioden 2021-2026.
Omstillingsprogrammet er ein tidsavgrensa ekstraordinær innsats for kommunar og regionar med mål om utvikling og vekst.
Bedrifter, organisasjonar eller privatpersonar som ønsker å starte eller utvikle verksemd i Sykkylven kan søke om økonomisk bistand frå omstillingsmidlane.
I 2023 starta vi eit spennande samarbeid med Nordveggen Næringshage.
Gjennom samarbeidet kan næringslivet i Sykkylven ta del i tenestetilbodet i Nordveggen Næringshage, som omfattar både rådgjeving, nettverk og kompetanseutvikling.
Sykkylven Næringsutvikling forvaltar kommunalt næringsfond.
Næringsfondet er ei støtteordning som skal nyttast til å styrke nyetableringar, innovasjon og næringsutvikling i Sykkylven kommune. Fondet kan også nyttast til vidareutvikling av eksisterande verksemder.
Siste nytt
Siste nytt og inspirasjon frå næringslivet i Sykkylven