Aktuelt

NTNU-studentar kartlegg plastavfall i Sykkylven: Ny kunnskap som kan styrke næringsliv og busetting

September 1, 2025
Denne sommaren har to engasjerte studentar frå NTNU vore i Sykkylven for å kartleggje plastavfall og materialstraumar. Resultata er no klare i ein sluttrapport, som vil bli delt med både kommunen og lokale næringsaktørar. Kommunen uttrykker stor takksemd for innsatsen og ser dette som starten på eit spennande samarbeid som kan gi konkrete, berekraftige og framtidsretta tiltak basert på kunnskap og lokal eigenutvikling.
Industriklyngen Sykkylven med illustrasjon av eksisterende samarbeidsprosjekter

Studentprosjektet “Sirkulær plast” inngår i sommarjobbinitiativet REdu, som er støtta av Handelens Miljøfond. Målet er å redusere plastforsøpling, auke gjennvinning og utvikle meir sirkulære løysingar i Noreg. Sykkylven er også ein av åtte kommunar i Møre og Romsdal valt ut som Sirkulær HUB - ein posisjon som løftar fram regionar med særleg potensial for samarbeid og ressursutnytting.

«Den kunnskapen som Synne og Jakob har samla inn her i sommar vil kunne gje næringslivet vårt ein god start for å begynne å sjå på kva sirkulære løysingar ein kan jobbe med i fellesskap lokalt» seier Lise Haukeberg, som har sørga for at studentane har hatt ein plass å bo i sommar og ein arena for å bygge seg nettverk i Sykkylven.

Omstillingsprogrammet har samarbeida med NTNU om å få til dette, i tillegg har Synne og Jakob deltatt på det heilt nye summer internship-programmet «ILAG» i Sykkylven, der dei har fått bli med på mangeaktivitetar gjennom sommaren.

«ILAG har vore så verdifullt for meg når det gjeld å skaffe seg nettverk og med tanke på aktivitetar i sommaren. Det er ikkje lett å kome heilt åleine til ei ny bygd, men med eit slikt initiativ har det gjort det mykje lettare. Eg reiser frå Sykkylven med meir enn berre jobberfaring - også ein god venegjeng og nye minner.» forklarar studenten Synne.

Studentane Synne (sivilingeniør, materialteknologi) og Jakob (masterstudent, teknologi og samfunn) har gjennom sommaren kartlagt plastavfallsflyten i kommunen - frå forbruk til avfall og eventuell gjenvinning. Målet har vore å avdekke forbetringspotensial og finne tiltak for meir sirkulær ressursbruk, med konkrete og praktiske vriar.

Synne og Jakob
«Prosjektet har gjort at eg har fått mykje meir kunnskap om korleis avfallet vårt blir handtert, og om det har nokon verdi for andre.» Seier Synne.

Sykkylven kommune takkar studentane for deira engasjerte innsats og heiar fram desse initiativa. Vi ser dette prosjektet som ei verdifull investering i framtida - både for lokalsamfunnet og næringslivet. Denne typen samarbeid med NTNU og forskingsmiljø gir oss:

  • Eit solid kunnskapsgrunnlag for berekraftig avfallshandtering og ressursutnytting.
  • Identifisering av forbetringspotensial som kan føre til kostnadsbesparingar og meir effektiv ressursbruk.
  • Innovative samarbeid mellom forsking, næringsliv og forvaltning, som kan inspirere til fleire liknande initiativ.
  • Styrka bulyst og tilflytting, ved at kommunen blir ein attraktiv arena for kompetanse, utvikling - og miljøvennlege initiativ.

Vidare samarbeidog bruk av kunnskap

Sluttrapporten frå studentane vil gå til Sykkylven kommune, REdu-nettverket og andre relevante aktørar. Den kan danne grunnlaget for konkrete tiltak – både i kommunen sin avfallshandtering og i næringslivet si utnytting av ressursar.

Sykkylven kommune/viser fram til vidare dialog omkring korleis desse innsiktene kan omsetjast til handling, og inviterer både næringsaktørar, innbyggarar og andre samarbeidspartnarar til å ta del i dette prosessarbeidet.

Kontaktar for meir informajson:

Kristina Kjersem, PhD.

Senior Advisor, NTNU

Tel: 47824984

Om prosjektet
Dette initiativet inngår i REdu-programmet, og er støtta av Handelens Miljøfond. NTNU-studentane har kartlagt materialflyt av plast i Sykkylven som ein del av satsinga på sirkulær ressursbruk og samarbeid mellom forsking, kommune og næringsliv.

Sykkylven kommune er stolt over å kunne fremme kunnskapsbaserte, berekraftige løysingar for framtida - gjennom samarbeid, kompetanse og lokale initiativ.

Les heile rapporten her.