Omstillings-programmet


Sykkylven kommune har blitt tildelt status som omstillingskommune for perioden 2021-2026. Omstillingsprogrammet er ein tidsavgrensa ekstraordinær innsats for kommunar og regionar med mål om utvikling og vekst. Støttemidla er eit supplement til andre offentlege virkemiddel frå Innovasjon Norge, fylkeskommunen, Norges forskningsråd eller SIVA.

Bli med å skape fleire spennande arbeidsplassar i Sykkylven! Vi har sett oss eit overordna mål om å bidra til å skape og sikre 170 arbeidsplassar i Sykkylven innan 2026.

Det er eit ønske om å utvikle ei bredde i næringslivet i Sykkylven, for å redusere den sårbarheita som kjem av ein einsidig næringsstruktur i "møbelbygda". Samtidig er det eit ønske om å bidra til eit meir robust næringsliv, som er berekraftig inn i framtida.

Difor vil omstillingsprogrammet bidra til å vidareutvikle eksisterande bedrifter og legge til rette for nyetableringar innan fleire bransjar. Omstillingsarbeidet skal òg bidra til å styrke Sykkylven sin attraktivitet som næringslivs- og bustadkommune.

Sjå Årsrapport for 2024 - Omstillingsprogrammet

Innsatsområda i omstillings­programmet

Omstillingsprogrammet i Sykkylven sine innsatsområder er:

1. Skaparglede i heile næringslivet
2. Samarbeid og nettverk
3. Attraktivitet og rekruttering

Kva kan du søke om støtte til?

Eksempelvis kan følgande prosjekt støttast:

- Utviklingsprosjekt i bedrifter
- Nettverksbygging mellom bedrifter

Til no

Over 30 små og større

prosjekt har fått støtte hittil.

Vi organiserar og gjennomfører frukostmøter, kurs og mini-seminar, med ulike tema som lokalt næringsliv sett på agendaen.

Eit leiarutviklingsprogram er i gong, og vi tilbyr eit solid utviklingsprogram for små og mellomstore bedrifter som er motiverte for vekst og utvikling.

No jobbar vi også enda meir for å kople bedrifter med aktuelle forskningsprosjekt og forsknings- og utviklingsinstitusjonar.

Telefon

Treng du raskt svar? Ta ein telefon.

+47 98 88 22 92

Adresse

SkaparLINKEN cowork/ kommunehuset

Pilgata 10/ Kyrkjevegen 62, 6230 Sykkylven

Siste nytt

Næringsforeninga

Velkomen til Miljøkvalitet AS

March 5, 2026
Vi i Sykkylven Industri- og Næringslag er stolte av å ønskje Miljøkvalitet AS velkomen som nytt medlem.
Bu her

Det blir ILAG også sommaren 2026! Spre ordet!

March 2, 2026
Har de sommarjobbar for unge i alderen 18–30 år? Då håpar vi de som arbeidsgivarar vil vere med og oppmode sommarvikarane/sommarstudentane dykkar til å søke plass i ILAG – Summer Internship-programmet i Sykkylven.
Aktuelt

Digitale Nomadar i Geiranger - har du fått det med deg? 

March 2, 2026
Om du har høyrt om digitale nomadar, så er dette noko vi no vil utforske meir i Sykkylven. Kommunen er med i EU-prosjektet EDIN (European Digital Nomads), der vi jobbar saman med andre stader for å sjå korleis ein kan tiltrekke seg folk som kan jobbe digitalt – og som ønskjer å bu og leve ein plass ei periode.