Sirkulær HUB - høg interesse for meir samarbeid om sirkulære løysingar!

Dagen baud på innlegg frå Norsk Industri, Innovasjon Norge, PlussLab kompetansesenter og NTNU - med tema som nye EU-reguleringar, ressursknappheit, industriell symbiose, avfallsstraumar og konkrete moglegheiter for lokale bedrifter. Fleire verksemder i regionen delte erfaringar knytt til bruk av restmateriale, og workshopen skapte god diskusjon rundt drivarar og barrierar for sirkulære løysingar og mogleg samarbeid.

Det sterke engasjementet gjennom dagen viser at Sykkylven og omland har gode føresetnader for å få til fleire prosjekt innan sirkulære verdikjeder og grøn omstilling, seier Lise Gundersen Haukeberg - Programleiar for Omstilling.
Neste steg blir å identifisere aktørar som ønskjer å delta i vidare arbeid og løfte fram mogelege pilotprosjekt. Både Omstillingsprogrammet og Sykkylven Næringsutvikling kan kople bedriftene med virkemiddelapparatet, det er gode fagpersoner å diskutere moglegheiter med i Innovasjon Norge, fylkeskommune og Forskningsrådet, til eksempel.
Nokre sider å sjå til;
Forskningsrådet, mellom anna SkatteFUNN - start allereie dialogen i januar, sjå meir her: Forskningsmidler til næringsliv
Møre og Romsdal fylkeskommune si satsing Skaparkraft, Skaparkraft har fleire tilskotsordningar for å styrke eksportnæringane og stimulere til utvikling av nye næringar, sjå meir her: Omstillingsprogrammet Skaparkraft - Møre og Romsdal fylkeskommune
Innovasjon Norge har både digitale kurs og nyttige webinar du kan sjå, også arrangement å delta på. Sjå meir om rådgiving, tilskot og lån, og kurs hjå Innovasjon Norge her: Møre og Romsdal | Innovasjon Norge
Nokre resultat frå menti under seminaret:

.png)
.png)