KI-verkstadane i november
November 28, 2025
25 deltakarar utforska kunstig intelligens på teklaben

I veke 47 og 48 gjennomførte Omstillingsprogrammet to kveldssamlingar med KI-verkstad på teklaben ved Sykkylven vidaregåande skule. Til saman deltok 25 personar frå både næringsliv og offentleg sektor.
Deltakarane fekk lære om praktiske bruksområde for kunstig intelligens, korleis ein kan jobbe smartare med KI-verktøy, og korleis teknologien kan styrke både innovasjon, effektivitet og kvardagsoppgåver i verksemdene. Kurset kombinerte fagleg innføring med oppgåver, verktøytips og erfaringsdeling.
Les meir om innhaldet i verkstaden her:https://www.skaparglede.no/aktiviteter/ki-verkstad-17-og-25-november
Det er tydeleg at interessa for KI er aukande. Omstillingsprogrammet vil difor vurdere nye kurs og fordjupingar etter nyttår.