Kven er vi?
Kommunen har fleire oppgåver i det å tilrettelegge for lokalt næringsliv, det vere seg regulering av næringsareal eller forvaltning av ulike støtteordningar for etablerarar, bedrifter og bedriftssamarbeid.
Sykkylven Næringsutvikling AS
Kommunen si tilrettelegging for etableringar, omstilling og vekst er organisert og finansiert i samarbeid med lokalt næringsliv gjennom Sykkylven Næringsutvikling AS, med formål om å styrke og utvikle eksisterande og ny næringsverksemd i Sykkylven.
Omstillingsprogrammet 2021-2026
er ei ekstra finansiering til næringsutvikling på grunn av sårbar næringsstruktur i kommunen. Omstillingsprogrammet er organisert i eit eige prosjekt, koordinert med etablert næringsselskap (Sykkylven Næringsutvikling AS).
Sykkylven Industri- og Næringslag
er ei medlemsforening som fremjar saker for å gi næringslivet betre rammevilkår.
Skaparglede
er det som kjenneteiknar Sykkylven kommune, lokale bedrifter, historia og det som inspirera oss. Skaparglede er heile kommunen sitt slagord.
- for vekstbedrifter
programmet 21-26
Kva gjer vi?
Vi jobbar for ei meir attraktiv kommune
- for berekraftig næringsutvikling, næringsdrift og bulyst.
Vi jobbar for gode rammevilkår og bistår lokalt næringsliv med råd og veiledning.
Du finn oss i SkaparLINKEN
Pilgata 10, 6230