Sykkylven Nærings­utvikling AS

Selskapet vart stifta i 1989, i eit spleiselag mellom kommune og lokalt næringslag, som begge yt driftsstøtte for tenestene vi leverer for dei.

Som kommunen si næringsavdeling forvaltar vi gründerhjelpa Hoppid, og kommunalt næringsfond for etablert næringsliv. Dei fylkeskommunale midlane vert tildelt kommunen, som gir oppdraget med rådgjeving og sakshandsaming til næringsselskapet.

Vi har også sekretariat for Sykkylven Industri- og Næringslag og Sykkylven Handelsforening, med administrasjon og rekneskap, gjennomføring av medlemsmøter og ulike prosjekt. Vi arrangerar nettverkstreff, kurs og seminar med fagleg påfyll for bedriftene. SkaparLINKEN er vår nye cowork og møteplass midt i Sykkylven sentrum.

I tillegg til tenester for kommune og næringslag tar vi også på oss oppdrag frå næringslivet, mellom anna med administrasjon og prosjektleiing.

Under ein strategiprosess i 2020 peika lokale bedrifter, politikarar, ungdommar og eldsjelar på potensiale i å støtte oppunder opplevingsnæringane for auka næringsutvikling og bulyst . Derfor er det eit prioritert innsatsområde i nærings- og omstillingsstrategien.


Nærings- og omstillingsstrategi for Sykkylven kommune 2021-2026

Selskapsstrategi for Sykkylven Næringsutvikling AS 2021-2026

Etiske retningslinjer for Sykkylven Næringsutvikling

Les om prosjekt Reisemålsutvikling.

Næringsstrategi og selskapsstrategi

Kommunal næringsstrategi har fire innsatsområde for å stimulere til ein meir robust næringsstruktur, og auka konkurransekraft i lokalt næringsliv.

Tre innsatsområder er definert for næringsselskapet i dette arbeidet.

Hoppid
- etablerarhjelp

Vil du starte eigen verksemd kan du få råd og rettleiing i det å starte bedrift. Vi tilbyr ulike kurs, avklaringsmidlar, hjelp i søkeprosess og informasjon om aktuelle nettverk.

Næringshage-programmet

Som målbedrift i Næringshage-programmet blir du med i eit kompetansenettverk. Det gir også moglegheit for inntil 75% støtte til eksterne tenestekjøp i bedrifta sine utviklingsprosjekt, til dømes til produktutvikling, miljøsertifisering, merkevarebygging eller strategiprosessar.

Kjem du innom?


Vår kjernetid er frå kl. 09-15, men vi er stort sett å finne i SkaparLINKEN mellom kl. 08 -16.

Ta kontakt for å booke eit møte.

Sykkylven Næringsutvikling held til i SkaparLINKEN. Har du spørsmål, eller vil du helse på?

E-post

Åsne Folstad
Dagleg leiar, Sykkylven Næringsutvikling AS

asne@skaparglede.no

Telefon

Åsne Folstad
Dagleg leiar, Sykkylven Næringsutvikling AS

+47 92 45 58 52

Adresse

SkaparLINKEN
Pilgata 10, 6230 Sykkylven

Sykkylven

Siste nytt

Gründer

Held koken etter opning

October 28, 2025
Etter at både Gullnåla opna og Jord og Fjord flytta inn i nye lokale før sommaren, har interessa frå kundane vore stor - sjølv om hausten har bydd på rolegare dagar.
Næringsforeninga

Sykkylven industri- og næringslag medlemsmøte

October 9, 2025
Torsdag 2. oktober samla vi 34 deltakarar frå 23 medlemsbedrifter til eit engasjerande møte på Bølgen Bar & Restaurant. Her er høgdepunkta.