Reisemålsutvikling
Eit prosjekt i tre fasar; forstudie (kartlegging), forprosjekt (strategi) og hovudprosjekt (gjennomføringsfase).
Sykkylven kommune ved Sykkylven Næringsutvikling AS har tatt initiativ til å gjennomføre ein reisemålsprosess for Sykkylven. Dette er forankra i Omstillingsprogrammet for Sykkylven, kor opplevingsnæringane er ein av fire innsatsområder og kor utarbeiding av masterplan for reiselivet er eit av dei strategiske tiltaka.
Masterplan for reiseliv (PDF) for utvikling av Sykkylven som reisemål vart ferdigstilt i oktober 2022 og bygger på forstudien og kartleggingsfasen "reisemålsprosess for Sykkylven" (PDF) gjennomført i 2021.
Masterplanen er ein helskapleg strategi for å ta ut reiselivet sitt potensial som næring og bidragsyter til eit godt lokalsamfunn; ein god stad å bu, ein god stad å besøke.
Arbeidet er finansiert med kr 100 000,- i støtte til forstudie og kr 300 000,- i støtte frå Innovasjon Norge.
Forstudien gir ei situasjonsanalyse over lokalt reiseliv, og avklarar forutsetnader og ressursfundament for vidare satsing. Ei samla lokal styringsgruppe for forstudien anbefalte å jobbe vidare med utarbeiding av mål, strategiar og prioriterte tiltak for betre tilrettelegging og auka verdiskaping i opplevingsnæringane, og er utgreia i ferdigstilt masterplan.
Det er oppreitta eit nettverk for lokale aktøra innan reiseliv, handel og opplevelsenæring, "Reiselivsforum". Følg med i kalenderen "Kva skjer?" for informasjon om nettverkstreff.
Ta kontakt med prosjektansvarleg Åsne Folstad om du har spørsmål
Skulenær
Skulenær er ein koordinert innsats for skule og næringsliv i Sykkylven.
Formål:
1. Behovsretting av utdanningstilbodet, for å for å møte framtidig kompetanse- og kapasitetsbehov i næringslivet lokalt/ regionalt – vi skal bidra til å utdanne elevar som næringslivet har behov for.
2. Styrke den vidaregåande skulen i Sykkylven – vi skal bidra til å styrke den vidaregåande skulen i Sykkylven gjennom å jobbe saman for å tilby relevante faglinjer, samt vere ein pådrivar i arbeidet med å informere og påverke på ungdomsskulenivå.
Mandat:
Samarbeidsforumet Skulenær ønska å vere ein dialogarena for lokalt næringsliv og skulane i Sykkylven, som kan ta dei overordna diskusjonane. Samarbeidsforumet skal kunne gi innspel der og når det er relevant, og vere ein pådrivar for å sette i gong aktivitet som bidreg tilhovudformåla til forumet (sjå hovudformål 1 og 2).
Ta kontakt med Lise Haukeberg (e-post) om du vil vite meir om Skulenær, eller gi innspel til forumet.
3D-Knitting & Technology
Vi var så takknemlige når Kiyo og Yukiko bestemte seg for å flytte fra Japan til Norge i 2021. No er også Indika frå Sri Lanka blitt ein del av teamet.
3D-strikkemaskinene for flatstrikk er utviklet og levert fra japanske SHIMA SEIKI. De 3D-strikkede produktene strikkes tredimensjonalt uten sømmer, og gir helt nye fordeler i tekstilet. Mulighetene er uendelige, fra strikkede sko, klær og møbler, til interiør og tekniske tekstiler.
Med mange års erfaring fra 3D-strikking hos SHIMA SEIKI deler de nå av sin kunnskap til norske selskap som ønsker å lære mer om design-system, prototyping, programmering og produksjon av 3D-strikkede tekstiler.
3D-Knitting & Technology er et nasjonalt senter for kompetanse, demonstrasjon og opplæring/ support innen 3D-strikking. Senteret ble etablert i Sykkylven, i 2018.
Selskapets største aksjonærer er AMATEC, EKORNES og FLAKK MANAGEMENT. Sykkylven Næringsutvikling AS bistår selskapet med administrasjon og regnskap i oppstartsfasen.