Sykkylven Industri- og Næringslag



Heilt sidan 1948 har lokale bedriftsleiarar stått samla i Industri- og Næringslaget. I dag har foreninga 52 medlemsbedrifter.

Formålet til foreninga er å representere og ivareta interessene til næringslivet i kommunen, mellom anna ved å vere eit felles talerør mot myndigheitene.

Styret inviterer til medlemsmøter for å diskutere tidsaktuelle problemstillingar, og løftar felles sakar både til politikarar, media og myndigheiter.

Viktige fanesaker har mellom anna vore infrastruktur med gode veg- og fergeforbindelsar, endra soneplassering for lågare arbeidsgjevar-avgift og endring i permisjonsreglar. Saman har ein lykkast i å påverke til positive endringar for lokalt næringsliv.

Styret i Sykkylven Industri- og Næringslag har styremøte ein gong i månaden, der ein tar opp sakar som er i medlemmane sine interesser.


Er du medlem og har innspel om ei aktuell sak?
Ta kontakt med vårt sekretariat i Sykkylven Næringsutvikling.

Medlemsfordelar

Foreninga har som formål å representere og ivareta interessene til næringslivet i kommunen. Som medlem har du også tilgang til fleire andre medlemsfordelar.

Bli med i vårt nettverk og kom i kontakt med andre lokale aktørar, med erfaringsutveksling og potensiale for gode samarbeid.

Medlemsbedrifter

Industri- og Næringslaget har i dag 52 medlemsbedrifter, på tvers av ulike bransjegrupper.

Bransjegrupper

Industri- og Næringslaget har medlemar frå fleire ulike bransjar som møbel, bygg & anlegg, bilfag, IT, automasjon, ventilasjon, teknologi, forsikring, reiseliv m.m.

Teknologifestivalen

Ein festival for kompetanseauke, skaparglede og nettverk i regionen. Festivalen skal synleggjere lokal kompetanse, vise moglegheiter og inspirere til utvikling.

Besøk gjerne nettsida teknologifestivalen.com.

For å vise mangfoldet innanfor teknologi ynskjer vi å dele nokre av presentasjonane frå Teknologifestivalen:

2025

2024

2023

E-post

Ta kontakt ved spørsmål.

lill@skaparglede.no

Telefon

Lill Therese Aurdal Fure

+47 960 12 410

Adresse

Sekretariat ved Sykkylven Næringsutvikling AS

SkaparLINKEN.
Pilgata 10, 6230 Sykkylven

Siste nytt

Næringsforeninga

Velkomen til Miljøkvalitet AS

March 5, 2026
Vi i Sykkylven Industri- og Næringslag er stolte av å ønskje Miljøkvalitet AS velkomen som nytt medlem.
Bu her

Det blir ILAG også sommaren 2026! Spre ordet!

March 2, 2026
Har de sommarjobbar for unge i alderen 18–30 år? Då håpar vi de som arbeidsgivarar vil vere med og oppmode sommarvikarane/sommarstudentane dykkar til å søke plass i ILAG – Summer Internship-programmet i Sykkylven.
Aktuelt

Digitale Nomadar i Geiranger - har du fått det med deg? 

March 2, 2026
Om du har høyrt om digitale nomadar, så er dette noko vi no vil utforske meir i Sykkylven. Kommunen er med i EU-prosjektet EDIN (European Digital Nomads), der vi jobbar saman med andre stader for å sjå korleis ein kan tiltrekke seg folk som kan jobbe digitalt – og som ønskjer å bu og leve ein plass ei periode.