Nettverkstreff for Garden som ressurs og Reiselivsforum

Med utgangspunkt i vår historie, identitet og lokalmat, vil vi bruke kvelden til å utforske moglegheitsrommet for utvikling av Sykkylven som reiselivsdestinasjon. Ved å samle nettverka Garden som ressurs og Reiselivsforum til eit felles treff, har vi stor tru på kreative diskusjonar og mange gode innspel til vegen vidare.
Med oss denne kvelden har vi mellom anna lokalmatentusiast Kirsti Indreeide som driv Eidsdal Camping og Feriehus, og Nerigardsbakst. Ho har produksjon av bær, sylte og grønsaker og skal innleie kvelden med eit inspirerande foredrag som "set dei små grå i sving".
Vår eigen Harald Strømmegjerde frå Brennevinsgrova og Bente Bonsaksen frå Bonseye i Hellesylt stiller til debatt om korleis vi kan bli enda betre på å dra nytte av ressursane våre, både når det gjeld lokal historie, identitet, lokal mat og drikke som del av heilskaplege og attraktive opplevingstilbod.
Idémyldring, framtidsutsikter og gode samtalar er stikkord for kvelden vidare.
Vi har mange gode tilbod her i Sykkylven, både i form av fysiske produkt og tjenestar. Kanskje finn du også ein ny samarbeidspartnar?
Vi gler oss til ein kreativ og kjekk kveld med nye bekjentskap og ny inspirasjon!
Arrangør: Sykkylven Bondelag, Sykkylven Bonde- og Småbrukarlag, Rekoringen, Sykkylven kommune/Landbrukskontoret, Reiselivsforum/Sykkylven Industri- og Næringslag og hoppid-kontoret/Sykkylven Næringsutvikling.
Meld deg på i dag
Påmeldingsfrist onsdag 8. april
Stad: DIS cowork & community, Skulevegen 11B, 6230 Sykkylven
Dato: Torsdag 9. april
Tid: 19.30


