NB! Ny dato - Studietur til Ishavsmuseet & Hódr Hjørungavåg Vikingsete

Studieturen vert arrangert som ein felles tur for medlemmar i Garden som ressurs-nettverket og for medlemmar i Reiselivsforum. Målet med turen er å hente inspirasjon til lokale satsingar. Hareid kommune har jobba godt med å få opp fleire nye reiselivsaktørar, og vi får sjå og høyre korleis dei jobbar med lokal identitet gjennom mellom anna lokalmat og historiefortelling.
Hareid er også med i prosjektet Garden som ressurs, som jobber med lokalmat og samarbeid på Søre Sunnmøre.
Med bakgrunn i historia til Hareid har dei valt å profilere seg som «Explorers Port», og juni i år tek dei imot cruiseskipet Artania, som markerer startskotet for cruiseanløpa til kommunen.
Arrangør: Sykkylven Bondelag, Sykkylven Bonde- og Småbrukarlag, Rekoringen, Sykkylven kommune/Landbrukskontoret, Reiselivsforum/Sykkylven Industri- og Næringslag og hoppid-kontoret/Sykkylven Næringsutvikling.
Program:
Avreise frå Sykkylven ca. 14:00
15:30 - 17:15
Ishavsmuseet Aarvak. 30-40 minutt omvisning med informasjon om reiselivssatsinga til kommunen v/ Melinda Skeide.
Middag: Potetball sidan det er torsdag
17:30 - 19:00 Omvisning og informasjon på nyetablerte Hódr Hjørungavåg Vikingsete.
Pris:
Medlem av Reiselivsforum: kr 0,-
Ikkje-medlem: kr. 350,-
- Meld deg på i dag -
Påmeldingsfrist 30.april