Medlems­fordelar

Industri- og Næringslaget har i dag 45 medlemsbedrifter innan fleire bransjar. Foreninga sitt formål er å representere og ivareta interessene til sine medlemmar og lokalt næringsliv.

Medlemsfordelar:

Deltaking i eit felles kontaktorgan for lokalt næringsliv ovanfor offentlege styresmakter

Lokale bedrifter står samla i saker av felles interesse, ovanfor offentlige styresmakter, som kommunen, fylkeskommunen og stortinget. Med ei felles stemme står vi sterkare og har større påverknad.

Påverknad av saker som skal fremjast, som er viktige for lokalt næringsliv

Medlemsbedriftene sender inn saker som ein ønskjer skal takast opp politisk, feks. kutt i ferjesambandet eller reduksjon i arbeidsgivaravgifta.

Vi arbeider aktivt for at styresmaktene i samarbeid med næringslivet skal legge tilhøve til rette for næringsverksemd

Vi jobbar aktivt for at forholda skal ligge til rette for ei positiv næringsutvikling i kommunen. Dette som interesseorganisasjon med påverknad i politikken, og gjennom næringsapparatet. Industri- og Næringslaget er óg deleigar av Sykkylven Næringsutvikling, som gir tilgang til kompetanse og ein veg inn mot verkemiddelapparatet og støtteordningar.  

Vere ein del av eit nettverk, står sterkare saman enn åleine

I eit felles nettverk ser vi moglegheiter for samarbeid mellom lokale bedrifter, og kan dra nytte av erfaringsutveksling og deling av kompetanse.

Rekruttering og skule

Vi jobber aktivt for rekruttering til lokalt næringsliv. Vi har mellom anna påverknad inn mot skule, for å få den kompetansen næringslivet har bruk for framover.

Læreplassgaranti

Vi gir læreplassgaranti i lokalt næringsliv, for elevar ved Sykkylven VGS. Ein elev har rett på læreplass, dersom ein tilfredsstiller krava som er sett.

Straumavtalen

Eit tilbod til våre medlemar: Det er forhandla fram ein forvaltningsavtale med Wattn, på straumforbruket fram i tid.

Tilgang på marknadsføringskompetanse

Som medlem får du tilgang til marknadsføringskompetanse til medlemspris. Her kan du inngå avtale om enkeltoppdrag, eller ein fast avtale for bistand med sosiale media eller artiklar.

Profilering på ny nettside og i Industri- og Næringslaget sine sosiale media

Som medlem kan du sende inn pressemeldingar og gladsaker som kan delast vidare på skaparglede.no, og i Industri- og Næringslaget sine sosiale media (Facebook og LinkedIn).

Subsidierte prisar på billettar til Teknologifestivalen

Teknologifestivalen er eit arrangement i regi av Industri- og Næringslaget. Festivalen skapar ein nettverksarena og legg til rette for utveksling av teknologikompetanse. Som medlem får du medlemspris på billettar.

Informasjon per mail om relevante kurs og tenestar i regi av Industri- og Næringslaget, samt Sykkylven Næringsutvikling AS

Interessert i å bli medlem?

Kontakt sekretariatet ved Lill Therese Aurdal Fure (sjå neste linje for kontaktinfo) for ytterlegare informasjon.

E-post

Ta kontakt ved spørsmål.

lill@skaparglede.no

Telefon

Lill Therese Aurdal Fure

+47 960 12 410

Adresse

Sekretariat ved Sykkylven Næringsutvikling AS

SkaparLINKEN.
Pilgata 10, 6230 Sykkylven