Gründer

Jord & Fjord lokalmatutsal

June 25, 2024
Fredag under Sykkylvsdagane opna lokalmatutsalet Jord & Fjord i dei «gamle lokala til Sol Café» i Sykkylven sentrum. Med raud løpar på plass var det ingen tvil om at det var kvalitetsprodukt å finne i lokala.
Nokre av eldsjelene i prosjektet, Berit Ekornes og Vibeke Evensen, er tydeleg glad for å kunne opne lokalmatutsalet Jord & Fjord.

Frå REKO-ringen utsal til lokale i sentrum

Vibeke Evensen som er dagleg leiar for lokalmatutsalet, starta saman med Petter Velle opp Noregs første «Reko-ringen» i Sykkylven i 2017, kunne ein lese i Nyss no i juni. Her fortel også Vibeke at fleire kundar gjerne ville ha moglegheita til å få kjøpt varene også utanom dei dagane REKO-ringen har utsal.

No er lokalmatutsalet på plass. Med stor iver, smittande engasjement og ei beundringsverdig dugnadsånd vart butikken satt opp på rekordtid - klar til Sykkylvsdagane.

Hjå Jord & Fjord får du kjøpt lokalprodusert og kortreist mat, samt noko handverk. Under opninga kunne butikken by på mat frå om lag 10 ulike produsentar, som held til maks 15 mil frå Sykkylven. Butikken bogna med alt frå kjøt og fisk, til urter, honning, meieriprodukt, krydder, saft og syltetøy. Litt lenger inn i lokala kunne ein også finne handverk av ulikt slag. Det var både smaksprøver og handel då vi tok turen innom, og dette kan anbefalast!

Kanskje vert det også etter kvart sjølvbetening utanom opningstidene og servering i lokala når der er ope. Ein håpar å få til eit miljø rundt lokal produksjon av mat og handverk, fortel Vibeke til Nyss.

Garden som ressurs

Sykkylven Næringsutvikling har i fleire omgangar invitert lokale mat- og handverksprodusentar til nettverkstreff gjennom satsinga «Garden som ressurs». Målet var å auke kjennskapen til kvarandre og kartlegge områder der ein kunne samarbeide. Det forma seg raskt ein draum om eit felles lokalmatutsal her i Sykkylven, men korleis dette skulle gå seg til var noko meir uklart. Etter kvart kom også LYSA PÅ-kampanjen i regi av tettstadsprosjektet, som fekk praten i gang rundt ønske-konseptet som då vart profilert som "Bonden og fiskaren" på eit butikkvindauge i sentrum. Det vart klart at dette ville ein få til. Næringsapparatet vart involvert i prosessen og ein søkte om støtte frå omstillingsprogrammet for å kome i gang.

For oss i næringsapparatet har det vore veldig kjekt å kunne bidra i dette prosjektet. Dette både med tanke på nettverksutvikling mellom lokale aktørar, å få lys i lokalet igjen og ikkje minst at ein får vist fram omfanget av kva som produserast av mat og handverk lokalt.

All ære skal rettast til eldsjelene som har stått på for å få realisert Jord & Fjord. Dei har gjort ein kjempejobb og prosjektet har blitt eit godt eksempel på kva som er mogleg å få til med godt samarbeid. Omstillingsprogrammet har vi berre til 2026, så det å få fram slike eksempel til inspirasjon for andre som vil satse og kan ha nytte av det, er veldig viktig for oss. I Nyss kunne vi også lese at Vibeke omtalar omstillingsmidlane som «uvurderlege» for å utvikle konseptet. Slik omtale av tilbodet set vi stor pris på, og vi vil takke for gode ord både i Nyss og på Jord & Fjord si Facebookside:

- Vi vil takke alle som har bidratt til å gjere dette mulig. Spesielt kommunen sin førstelinjeteneste for næringslivet og Åsne som er så imøtekomande og positiv. Vi vil også takke varmt for midlar frå omstillingsprogrammet som har gjort det mulig for oss å realisere dette prosjektet. Samt takk til flyktningstenesta og huseigar for godt samarbeid.
Det har vært utrulig inspirerande å få arbeide med så mange engasjerte og flinke folk her i bygda. Mange har bidratt med mykje god jobb på kort tid for å kome i mål til sykkylvsdagane. Vi set stor  pris på all den kunnskap og støtte vi har fått 🧡‍

Har du ein idé?

Vi heiar på gjengen bak Jord & Fjord og håpar initiativ som dette kan vere med å inspirere enda fleire til å satse med sin forretningsidé, og ikkje minst - til å ete meir lokal mat!

No vonar vi butikken vert flittig brukt av både lokalbefolkning, hyttegjestar og turistar i sommar. Her er det mykje fint handverk, og smakfull mat som må prøvast - på grillen, til vennemiddagen, hytteturen og frukostskiva.

Har du tankar om å starte noko vil vi oppmode deg til å ta kontakt med oss i det lokale verkemiddelapparatet så tidleg som mogleg. Det er nettopp i tidleg fase vi ofte har størst moglegheit til å bidra med offentleg støtte. Les meir om støtteordningar på sidene Gründer og Råd og finans. Vi i Sykkylven Næringsutvikling og omstillingsprogrammet i Sykkylven kommune forvaltar økonomisk støtte, og kan tilby råd og veiledning til forretningsutvikling.

Les saka om opninga av Jord & Fjord i Nyss her