Gründer

Brennevinsgrova - frå idé til suksess

October 19, 2023
Brennevinsgrova har hatt ei eventyrleg utvikling dei siste åra. Kva har offentlege støtteordningar betydd i denne prosessen?
Både støtteordningene og samtaler med støtteapparatet er til veldig god hjelp når en har en idé, men er usikker hvordan en skal gå frem for jobbe videre med idéen

Harald grunnla brenneriet Brennevinsgrova i 2019, på familiegarden i Straumgjerde. Isklart brevatn, lokale råvarer, godt arbeid og god design, har gjort Brennevinsgrova til ei anerkjent og prisvinnande merkevare. Harald si gründerhistorie ber preg av lidenskap, pågangsmot og jevnt og trutt arbeid over fleire år.

Støtte til forstudie og utvikling

Harald har søkt om og mottatt støtte frå det lokale næringsapparatet. Han fekk då innvilga finansiell støtte til prosjekt, og rådgiving i forbindelse med forretningsutvikling. Ordningane har bidratt med å dekke delar av kostnadane for:

• utvikling av logo og design til etikettar og heimeside

• studietur til utlandet

• konsulenttenester for produktutvikling og opplæring i bruk av produksjonsutstyr

Tilskudda har hjulpet Brennevinsgrova å komme i gang med produksjon, og har vært til veldig god hjelp

God design har vore viktig

Det er kostbart å bruke byrå til merkevarebygging, men dette har betalt seg gjennom en sterk og gjenkjennbar «Brand»

Bruken av designbyrå var veldig viktig i arbeidet med å bygge merkevaren Brennevinsgrova, fortel Harald. Alt var på plass av heimeside, marknadsmateriell, flaskedesign, m.m. før arbeidet med den første oppskrifta starta. Brennevinsgrova har også fått fleire prisar for sitt design.

Støtteordningane

Støtteordningane Harald har nytta via kommunen og Sykkylven Næringsutvikling er:

Hoppid

Kommunalt Næringsfond

Omstillingsprogrammet og SMB-utvikling

• Som målbedrift til Nordveggen Næringshage

I dag er Brennevinsgrova ei av Sykkylven sine målbedrifter for Nordveggen Næringshageprogram. Dette betyr at Harald kan nytte seg av subsidiert rådgjeving til utviklingsprosjekt, delta i ulike kompetanseforum og få tilgang til eit nettverk av bedriftsleiarar i regionen.

Trur du andre er klar over desse tilboda og ser verdien i dei?

Det er kanskje mange som burde satt seg betre inn i desse støtteordningane. Når en har en god idé er det ofte økonomien som er ei stor hindring for å komme i gang

Kompetansedeling - gull verdt for en gründer

Harald kan fortelje at han starta Brennevinsgrova utan erfaring og kompetanse på brennevinsproduksjon. Han oppsøkte derfor andre med rett kompetanse, og har etter kvart sjølv opparbeidd seg både kompetanse og erfaring, som han no delar med andre. Dette kan vere av stor verdi til andre som tenker på å starte noko nytt.

Høyr Harald fortelje om gründerreisa og planane framover, i Sparebanken Møre sin nye podcast «Starte bedrift».

Bilder er henta med samtykke, frå brennevinsgrova.no.