Bu her

Velkomen til Sykkylven

June 30, 2023
Er du vår nye innbyggar?

Sykkylven

Sykkylven - innfallsporten til Sunnmørsalpane.

Her kjem du tett på rå natur: Vi har mektige og ville fjellformasjonar, isblå brear, frodige dalar og ein langstrakt, idyllisk fjord.

I Sykkylven finn du eit triveleg handelssentrum, kjekke aktivitetar, glade festivalar og industri i verdsklasse. Velkomen til ei bygd rik på historie, skaparglede og fri natur. Ei bygd for barnefamilien, så vel som syklisten, fjellgeita og fiskeentusiasten.

La roa senke seg og lytt: Ivrig fuglekvitter, ein brekande sau, lyden av at sluken bryt vassflata, eller suset frå vinden på en fjelltopp i Sunnmørsalpane.

Velkomen til Sykkylven.

Badestrand på Haugneset

Fritid

Vi har gode tilbod for aktivitet og utflukter i eiga kommune, mellom anna:

  • Ikornnes friluftsbad
  • Sunnmørsalpane Skiarena Fjellsætra
  • I mai var det åpning av nye Sykkylven Bibliotek, med ei eiga innbydande avdeling for born.
  • Sølmongarden og Blakstad besøksgard
  • Hundeidvik klatrepark
  • Straumen, Nord-Europas kortaste lakseelv og andre fiskeplassar i elv, vatn, sjø
  • Frisbeegolf i Velledalen
  • Badestrand på Haugneset og fleire andre badeplassar i både saltvatn og ferskvatn
  • Fjellsætra turområde og ferskvatn å bade i på sommerstid
  • Sykkylven pumptrack
  • Nydelege turområde med gapahuk

Les meir om opplevingar i Sykkylven i vår brosjyre her.

Vi har også fleire festivalar gjennom sommaren i Sykkylven, ved kvar og ein av dei er der også opplegg for born.

Sykkylvsdagane, Brøvøllsfestivalen, Teknologifestivalen

Sjå aktivitetskalender og les meir om tilbod i Sykkylven: