Næringsforeninga

Sykkylven Industri- og Næringslag med tydeleg beskjed

September 3, 2024
Les Sykkylven Industri- og Næringslag sitt kraftige motsvar til Møre og Romsdal Fylkeskommunes forslag om å redusere utdanningstilbodet i Sykkylven.
Dronebilete av Sykkylven

Tilrettelegging for at ungdom får eit utdanningstilbod som er relevant for lokalt næringsliv, er ei av Sykkylven Industri- og Næringslag sine kampsaker. Foreninga har no gitt ein tydeleg beskjed til Møre og Romsdal Fylkeskommune, som har foreslått å redusere tilbodet i Sykkylven.

I august vart det sendt eit brev til Møre og Romsdal Fylkeskommune, som eit sterkt motsvar til eit forslag om å ha berre ei klasse med Elektro og Datateknologi ved Sykkylven VGS. Forklaringa var, slik foreninga har forstått, at der ikkje er nok læreplassar tilgjengeleg.

Sykkylven Industri- og Næringslag har læreplassgaranti, og meinar forslaget heller ikkje gjenspeilar behovet og moglegheitene i lokalt næringsliv.

Les brevet her:

Brevet gjengitt i tekst:

Sykkylven Industri- og Næringslag (SINL) representerer 45 medlemsbedrifter i

Sykkylven og Stranda kommune. Våre medlemar har om lag 2.000

arbeidstakarar og ei samla omsetning på om lag kr. 5 milliardar.

Vi ønsker å understreke at det er særs positivt at det no er nok søkjarar til 2 klasser ved VG1 elektro

og datateknologi. Det har vore vanskeleg å få nok lærlingar, og i år var det for få nok søkjarar til 3

AU. Dette fordi det var berre ei VG1 klasse i fjor. Elevane vel bl.a. påbygg 3. året i staden for å gå ut i

lære. Derfor er det positivt at vi har 2 klasser på VG1 i år.

Vi har stort behov for lærlingar, og derfor har SINL over fleire år gitt læreplassgaranti til elevane frå

Sykkylven VGS som går VG3 automasjon eller VG2 industriteknologi. Vi vil understreke at behovet

er like stort no som tidlegare, og forventar derfor at dette blir hensyntatt.

Når vi i tillegg ser antall elevar framover, og potensiell rekruttering til industrien, må vi ta vare på

elevane. I tillegg er det viktig å merke seg at når linjene, søkertall og behovet til bedriftene samsvarer,

blir det feil å tilby berre ei klasse.

Slik vi forstår det er grunnlaget for ei klasse gitt på uttalelse om manglende læreplasser. Dette er noko

vi ikkje kjenner oss igjen i, og vi bekymrer oss for at uttalelser som dette kan få betydning. Det er et

stort behov for lærlinger både i Sykkylven og Stranda, SINL har heller ikkje blitt kontakta for å

avklare behovet lokalt.

Vi forventer at rekrutteringsarbeidet som SINL har gjort for å sikre bedriftene i Sykkylven og Stranda

nødvendig kompetanse framover blir lagt merke til og støtta, i staden for at det skal bli motarbeida.

- Vi fortsetter for 4. året på rad med utdanningsmesse ved Sykkylven Kulturhus. Der deltar

fleire bedrifter, elever, foreldre og fleire videregåande skular.

- Medlemsbedrifter støtter SVGS med topp moderne utstyr innen automasjon og robotikk i

tillegg til å bidra med diverse utstyr og midler bl.a. til den nye Techlabben.

- Oppretta samarbeidsforumet skulenær, der både ungdomsskule, videregåande skule,

kommune, NAV og fylket deltar, i tillegg til SINL

- Støtter opplæringskontoret med bl.a. transport for at elever kan få besøke bedriftene for å bli

betre kjent med lærebedriftene og kanskje enda meir motivert, før en søker læreplass.

- Ei veke kvart år arrangerer vi Teknologifestivalen www.teknologifestivalen.com

- Samt mykje meir.

Vi både forventer og ser det som naturlig at Sykkylven har 2 klasser VG1 Elektro og

datateknologi også i 2025 og år framover.

Mvh.

Sykkylven Industri- og Næringslag

Per Kjetil Våtmyr

Leiar

Ikornnes, 21.08.2024