Aktuelt

ILAG 2025 i Sykkylven. Søknad fortlaypande

May 20, 2025
Send søknad fortløypande for å bli med på ILAG 2025 - oppstart av program i midten av juni. Følg ilag.sykkylven på Instragram for oppdatert info

ILAG er eit sosialt program for deg mellom 18-30 år som er tilknytta ein jobb i Sykkylven sommaren 2025 der du skal jobbe i 3 veker eller meir.

Om du jobbar skift eller fast dagtid, legg oss til rette med aktivitetar slik at alle skal få delta på ein god del. Vi vil ha vår heilt eigne internship-los som vil lose dykk igjennom sommaren, med faste møtepunkt og som generelt kan hjelpe med smått og stort. Vi har 20 plassar i programmet og for deg som deltek dekkjer vi alle kostnadar til aktivitetane. Det du eventuelt må betale sjølv er nistemat på fjelltur, det du vil ha på grillen når vi samlast rundt et bål i fjøra, det du vil ha i glaset på Brøvøllfestivalen.

Er du klar for ein uforgløymeleg sommar i sommermekkaet Sykkylven?!

Her er noko av det vi vil finne på: 

  • Brøvøllfestival
  • Fjelltur
  • Fjøregrilling
  • Filmkveld
  • Bærplukking

Nysgjerrig? Send oss ein søknad da vel!

Det du treng å gjere er å sende ein superenkel søknad til oss der du seier noko om følgjande; 

- Kven er du?

- Kvar skal du jobbe, eller kvar har du søkt jobb? 

- Kvifor er det viktig for deg å delta på vårt Summer Internship-program? 

- Kva ønska du å sitte igjen med etter å ha deltatt på programmet? 

- Kan du by på ein funfact om deg sjølv? 

Søknad sendast: lise.haukeberg@sykkylven.kommune.no fortløypande.

Sjå aktuelle sommarjobbar i kommunen - Annonse - Webcruiter

Er du på utkikk etter noko meir enn eit Summer Internship? Sjekk ut Trainee Sunnmøre med oppstart i august 2025!