Potensiale for gode løysingar i møbelindustriens gjenbruksprosjekt
Kvart år vert det kasta fleire tonn tekstil- og restavfall, berre frå møbelbedriftene i Sykkylven og Stranda-området. Dette er både ei økonomisk byrde for bedriftene og ei betydeleg miljøutfordring. Få stadar i Noreg har forutsetningane til å bidra til å løyse denne utfordringa som regionen vår, som husar landets møbelklynge. Slettvoll Møbler, Ekornes og Formfin har gått saman med Langlo og Byrg kompetanse i eit felles utviklingsprosjekt, i håp om å auke gjenbruk og redusere avfall.
Gjennom samarbeid og innovasjon håper vi å redusere avfallsmengden i møbelindustrien betydelig, samtidig som vi skaper nye bærekraftige forretningsmuligheter.
Anita Drabløs, PlussLab (prosjektleiar)
Industriell symbiose
«One man’s trash is another man’s treasure». Det kjende uttrykket forklara godt kva industriell symbiose går ut på: Ein sirkulærøkonomi der avfall frå ei bedrift blir ein ressurs for ei anna bedrift.
Avfall Norge beskriv hovudprinsippet i industriell symbiose slik: Å samhandle for å sikre mest mogleg effektiv utnytting av material-, energi- og vassressursar i verksemder.
Utviklingsprosjekt med støtte frå «Skaparkraft»
Deltakarane i industriell symbiose prosjektet er sentrale aktørar i den regionale verdikjeda. Møbelbedriftene Slettvoll Møbler, Ekornes og Formfin har tekstilavfall og Langlo kan nyttiggjere seg avfallet i sin produksjon. I tillegg er Byrg Kompetanse, som er en arbeidsmarknadsbedrift lokalisert både i Stranda og Sykkylven, med i prosjektet for å sjå om dei kan bidra med produksjon og ressursar i ei ny sirkulær løysing for tekstilar.
Prosjektet er støtta av Møre og Romsdal Fylkeskommune si eksportsatsing «Skaparkraft» (sjå video om Skaparkraft), og leia av Anita Drabløs i PlussLab. I samarbeid med Omstillingsprogrammet i Sykkylven Kommune, og med støtte frå Sparebanken Møre i Sykkylven, har ein gjennom våren og hausten 2023 hatt fleire prosjektverksted. Fokus har vore samarbeid mellom bedriftene og å avdekke felles problemstillingar ein kan jobbe saman om å finne løysingar til. Dei er no inne i prosjektets forstudie, som etter planen skal vare frå desember 2023 til juni 2024.
Vi forventer at dette forprosjektet vil gi verdifull innsikt og etablere grunnlaget for flere prosjekter innenfor området industrielle symbioser".
Anita Drabløs, PlussLab (prosjektleiar)
Avkapp og «utgått på dato»
Generelt blir omlag 20% av tekstilen avkapp etter tilskjæring, anslår Pål Erik Haraldsen under besøket, og det aller meste blir kasta og går til forbrenning. Her ser ein potensiale for ein stor miljøeffekt ved å finne andre løysingar. Dette er også ei av dei to utfordringane ein har identifisert og vil jobbe med i prosjektet. Den andre? Når ein følgjer trendar, går stoff «ut på dato». Nokre av stoffrestane går til gjenbruk. Eit eksempel er bedrifta Kaape på Vestnes, som brukar møbelstoff i produksjon av kle. Dette gjeld likevel berre ein liten del, og store rullar med utgått stoff vert liggande å støve ned.
Når det kjem eit nytt stoff må vi lage stoffprøvar i ulike fargar til 65 butikkar berre til ei av varehuskjedene, og tilsvarande til andre. Desse blir kasta igjen når stoffet går ut på dato, så det blir jo også avfall.
Oddbjørn Stave, produksjonssjef ved Formfin
Norsk tekstilgjenvinning og ny teknologi
Norsk Tekstilgjenvinning AS er Norges første forskings- og demonstrasjonsanlegg for tekstil-til-tekstil gjenvinning. Pål Erik Haraldsen (CEO) kunne fortelje om prosessar for miljøvennleg bearbeiding av brukt tekstil, som deretter kan tilbakeførast til verdikjeda og bli til ny tekstil. Det er også mogleg å komprimere tekstilen sei Haraldsen, og visar til eit konkret eksempel der badekåper har blitt til kleshengarar.
Vi ble positivt overrasket over mulighetene som ligger i ny teknologi for gjenvinningen av tekstiler. Bedriftene kan gå sammen om å samle inn og levere tekstilavfall som kan gjenvinnes til blant annet nye fibre og tråd, som kan gjenbrukes i egen produksjon eller hos andre.
Anita Drabløs, PlussLab (prosjektleiar)
Haraldsen viste stort engasjement og opna augo for både ny teknologi og miljøgevinsten ein kan sjå:
Man bruker masse ressurser i tekstilproduksjon… Med et mål om 30 000 tonn gjenvinning av tekstil i året, sparer man eksempelvis ca. 2 ganger Oslos vannforbruk hvert år! Dette er bare i produksjon av fiberen – før man en gang snakker om farging og veving.
Pål Erik Haraldsen, CEO i Norsk tekstilgjenvinning AS
Vegen vidare?
Det vart ein lærerik dag der ein både fekk betre forståing for utfordringa, og samstundes håp og inspirasjon til fleire gode løysingar. Forprosjektet går vidare, med godt mot. Der er likevel barrierar ein må overkome i prosessen, og gode løysingar kan krevje omstilling i fleire delar av produksjonen. Det er mange vurderingar å ta i alt i frå tekstilval til produksjonsprosess og avfallshandtering. Anita delar avslutningsvis sine tankar om utfordringane og vegen vidare:
Den største utfordringen for bedriftene er å tilrettelegge for en sortering og håndtering av avfallet for at det skal kunne gjenbrukes. Veien videre nå blir sannsynligvis å kjøre en test på avkapp som kan gjenvinnes til nye fiber i samarbeid med Norsk Tekstilgjenvinning.