Næringsforeninga

Nyborg med nye kontrakter i Equinor-prosjekt

September 25, 2023
Med ei ny stor kontrakt og ei vidareføring av eit viktig samarbeid, får teamet ved Nyborg ros av dagleg leiar Magnus Løseth.
Foto: Equinor
Denne kontrakten bekrefter Nyborg sin posisjon i et konkurranseutsatt og internasjonalt marked. Å bli valgt på nytt av Alscott understreker vår evne til å levere solide løsninger med betydelig kompleksitet, og det er uten tvil at vår suksess i disse krevende markedsområdene er direkte knyttet til den fantastiske innsatsen fra teamet i Nyborg

- Dagleg leiar, Magnus Løseth

Nyborg skal levere ein komplett pakke med vifter og anna utstyr til det nye produksjonsskipet (FPSO), som blir bygd i Kina. Dei er tildelt to ordrer på Equinor sitt FPSO-prosjekt, BM-C-33, av Alscott Asia.

Kven er Nyborg?

Nyborg er ein norsk produsent og leverandør av ventilasjon og vifter. Firmaet vart etablert i 1947 i Sykkylven og leverer i dag produkt til fleire ulike industriar, i et internasjonalt marked. Selskapet eksporterar til over 60 land og har ei total omsetning på ca. 200 millioner norske kroner.

Det varmar å sjå ei lokal bedrift inngå ein slik avtale.

Fantastisk kjekt er det også når dagleg leiar nyttar anledninga til å rose teamet sitt. Slik skal det vere!

Les meir i artikkelen her: Skipsrevyen

Bilde: Equinor