Ny coworker i SkaparLINKEN
January 26, 2026
Alastair Brunton flytta inn på kontoret i SkaparLINKEN tidleg i januar, og er svært fornøgd med å vere på plass.

Alastair er CTO i Createview AS, eit selskap som utviklar undervasskamera for oppdrettsanlegg, der AI blir brukt til å samle inn data frå fisken og bidra til betre fiskevelferd.
Som CTO leier Alastair eit team som sit spreidd rundt om i Haugesund og Sunndalsøra, og nyttar SkaparLINKEN som ein base for samarbeid og konsentrasjon i kvardagen. Opphavleg er han frå Skottland, men har no busett seg i Hundeivika saman med familien sin.
Vi ønskjer Alastair velkomen til fellesskapet i SkaparLINKEN!