Aktuelt

Næringsteamet - kva er det og kvifor har vi det?

August 7, 2024
Næringsteamet i Sykkylven har vinter og våren 2024 besøkt fem lokale bedrifter, for å lære meir om korleis kommunen kan støtte næringslivet best mogleg. Les vidare for å lære meir om næringsteamet og kva dei gjer.
Næringsteamet på omvisning hjå Sjøbakken fjordcamping

Næringsteamet i Sykkylven vart etablert i 2022 og består av kommunedirektør, ordførar, kommunalsjef samfunn, dagleg leiar i Sykkylven Næringsutvikling og programleiar i Omstillingsprogrammet. Teamet har eit mål om å bli enno meir næringsvenleg og besøker difor ulike næringsaktørar i kommunen. Slik vert dei betre kjent med bedriftene, tilsette og utviklingar i det lokale næringslivet.

Engasjement og skaparglede

Gjennom vinteren og våren 2024 har Næringsteamet besøkt Møre Miljøsanering, Næringsfabrikken, Ekornes, Sykkylven Stål og Sjøbakken camping.

Besøka gir eit innblikk i litt av det som rører seg i det lokale næringslivet og korleis det står til i dei ulike bransjane, både med utfordringar og oppturar. Å få næringsteamet på besøk skal vere til nytte både for at vi i det lokale næringsapparatet skal halde oss oppdatert på aktiviteten i lokalt næringsliv, og for at bedriftene skal kunne be om råd i konkrete sakar.

Vi set stor pris på desse invitasjonane, og svært ofte vert vi imponert over kva bedriftene får til. For kvar stad vi inviterast inn dørene, kan vi glede oss over å vere vitne til engasjementet, driven og skapargleda vi har her i kommunen – det lokale næringslivet er utan tvil til å verte stolt av!

Arbeidet med berekraft står høgt på agendaen med dei fleste. Både kommunen og næringslivet må jobbe aktivt med den grøne omstillinga. Fleire bedrifter har til dømes utarbeidd berekraftsrapportar i 2024, eit arbeid vi mellom anna har fått høyre om hjå Sykkylven Stål.

Kommunedirektør, Torbjørn Emblem

Johnny og Andrea ved Sjøbakken fjordcamping inviterte næringsteamet på besøk i juni, og kunne stolt vise fram campingplassen og endringane som er gjort der.

For heilskapeleg og god koordinering

Formålet til næringsteamet er å samordne innsatsen mot næringslivet gjennom eit samarbeid mellom kommunen og Sykkylven Næringsutvikling.

Teamet skal sørge for heilskapleg og god koordinering av saker, og sikre ei felles forståing om at kommunen og Sykkylven Næringsutvikling er eit samla team som representantar for det kommunale næringsarbeidet. I tillegg til bedriftsbesøka har næringsteamet etablert ei rutine for å møtast kvar 14. dag, der formålet er å diskutere næringssaker og koordineringsbehov på tvers av kommune, Sykkylven Næringsutvikling og omstillingsorganisasjonen.

Arbeidet har medført betre koordinering av oppgåver mellom dei kommunale tenestene og Sykkylven Næringsutvikling, og ein tettare dialog mellom kommunen og bedriftene.

Vil du invitere næringsteamet?

Ta kontakt med programleiar for Omstillingsprogrammet, Lise Haukeberg, på mail: lise.haukeberg@sykkylven.kommune.no