Aktuelt

Bli med på felles promotering i ny destinasjonsweb for Sykkylven!

April 23, 2024
Vi er i desse dager i full sving med ny reiselivsweb sykkylven.com og årets sommarbrosjyre. Vi vil i den samanheng invitere deg som er ein relevant aktør til å promotere ditt tilbod i Sykkylven sine felles kanalar
Skjermdump av nettside under utarbeiding av PEIL

Felles promotering: Ny reiselivsweb & Opplev Sykkylven sommarbrosjyre


Sykkylven har mykje å by på, men har hatt litt å gå på for å få ei god oversikt over tilboda. Med dette i tankane har vi invitert lokale reiselivsaktørar til reiselivstreff, for å saman komme fram til kva som skal til for å fremje tilboda og vise fram det vi har å by på i Sykkylven. Det var stor semje i at vi treng ein felles kanal, som ei brukarvennleg og oversikteleg nettside.

Reiselivsweb sykkylven.com
Vi er i desse dager i full sving med ny reiselivsweb sykkylven.com og årets sommarbrosjyre. Vi vil i den samanheng invitere deg som er ein relevant aktør til å promotere ditt tilbod i Sykkylven sine felles kanalar, til ein svært snill introduksjonspris.

Opplev Sykkylven sommarbrosjyre
Opplev Sykkylven brosjyra er også ein slik kanal, og det nye designet frå 2023 har vi fått mykje gode tilbakemeldingar på! I tida framover skal brosjyra, ferjeplakaten og nettsida har same profil og fargepalett, for gjenkjenningseffekt.

Ferjeplakat
Som før kan du også kjøpe annonseplass på ein felles ferjeplakat. Ei god moglegheit til å få oppmerksemda til dei mange som tar ferja på vei til, eller gjennom Sykkylven.

Kven er det aktuelt for?
Mange vil kanskje ikkje tenke over at ein er ein såkalla "reiselivsaktør".

Spør deg sjølv dette:
Er ditt tilbod kommersielt og aktuelt for dei som tar turen til Sykkylven? 
Ja? Supert!


Interessert i å bli med på felles promotering?

Ta kontakt med Lill Therese Aurdal Fure på lill@skaparglede.no


Oppdaga at du er ein reiselivsaktør?

Bli gjerne med på reiselivstreff!

PS: Bildet du ser er reiselivsweb under utarbeiding og designet er ikkje klart
- ein sneak peek for deg, altså!