Aktuelt

Industriturné, for lærlingar og framtidig rekruttering

September 19, 2023
I september arrangerte opplæringskontoret for møbel, tre og mekanisk industri ein todagers industriturné for neste års lærlingar, med besøk i industribedrifter i Sykkylven og Stranda.
Gjengen utanfor Aquaservice, første turnédagen

Det vart to innhaldsrike og kjekke dagar, 6. og 8. september. Elevane fekk eit innblikk i kva dei har i vente, og bedriftene fekk ei gylden moglegheit til å gjere seg attraktiv for framtidig arbeidskraft. Ungdommen vart godt mottatt og Håvar Tandstad ved Møbeltre var fornøgd med dagen:

Det var veldig kjekt å ta i mot elevane, særleg elevar som kan vere aktuelle lærlingar i bedrifta

Kva er ein industriturné?

Konseptet Industriturné er utarbeidd for å gi elevane som skal ut i lærlingbedrifter eit innblikk i bedrifter dei kan søke lærlingplass og ta fagbrev i. Turnéen er eit samarbeid mellom opplæringskontoret for møbel, tre og mekanisk industri, Sykkylven vidaregåande skule og Sykkylven Industri- og Næringslag.

Årets turné gjekk innom Aquaservice, Møbeltre og Stjernemadrassen, Pla-Mek, Bravida og Sandella, i Sykkylven. Frå Sykkylven gjekk turen vidare til Stranda Stålindustri. 30 elevar fylte turnébussen desse to dagane.

Variert og framtidsretta industri

Sykkylven og Stranda er kjent for sine ambisiøse og framoverlente industribedrifter. Automatisering og robotisering er svært utbreitt i industrien - her har vi høg teknologisk kompetanse. Kommunane husar ei rekke bedrifter innan møbelproduksjon, plastindustri, næringsmiddelproduksjon, og mykje meir. Vi har mange viktige hjørnesteinsbedrifter i Sykkylven og Stranda. Her finn ein mange spennande kompetansearbeidsplassar, med mykje erfaring å dele. Bedriftene vi var innom på turnéen var gode eksempel på dette og vart omtalt som spennande av elevane.

Per Anton Støylen ved Aquaservice visar fram og forklarar prosessane i produksjonen

Lærlingane er framtidas arbeidskraft

For å oppretthalde dei stolte tradisjonane, er det avgjerande at ein sikrar utvikling og rekruttering av dyktig arbeidskraft. Her kjem lærlingane inn i bildet. Kvart år søkar unge menneskjer moglegheiter innan ulike fagområde.

Ved bedriftsbesøka i industriturnéen fekk dei komande lærlingane stille spørsmål, snakke med erfarne tilsette og danne seg eit realistisk bilete av kva lærlingperioda innebere i desse bedriftene. For elevane er industriturnéen ei fantastisk moglegheit til å utforske ulike karrieremoglegheiter. Dei kan oppdage sitt interessefelt og lære meir om dei faglege krava for å lykkast. I tillegg gir det dei eit forsprang når dei søkar lærlingplass, då dei veit litt om kva dei kan forvente.

Elevane fortel at dei opplevde turnéen som lærerik på mange måtar. Både dei og lærarane knytte nye kontaktar og fekk eit innblikk i delar av industrien, som ein ikkje har hatt noko forhold til frå tidlegare.

Kva er ei attraktiv bedrift?

Gir moglegheiter for å utvikle både seg sjølv og å bli med å utvikle bedrifta i framtida

Elevane vart utfordra til å dele litt om kva som gjer ei lærlingbedrift interessant for dei. Her var det stor semje om at moglegheiter for personleg utvikling og moglegheiter for å bidra til ei utvikling av bedrifta, betyr mykje. Eit godt arbeidsmiljø står også høgt på lista:

Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, men lave skuldra og god driv

Sykkylven vidaregåande skule oppfordrar bedriftene i området til å ha eit godt samarbeid med skulen, og ta imot elevar til utplassering. Ved ei utplassering bør ein også sørge for at eleven får interessante arbeidsoppgåver og får sjå mest mogleg breidde i faget. Elevane pratar naturlegvis seg imellom, poengtera lærarane. Ei god oppleving i utplassering kan derfor ha store ringverknadar for framtidig rekruttering.  

Møbeltre AS kan fortelje at dei levera delar til fleire møbelprodusentar i området

Lærlingar og fagområder

Hanne Renate Garli ved Opplæringskontoret, fortel at opplæringskontoret i dag har 30 medlemsbedrifter i Sykkylven og Stranda, samt fleire bedrifter i andre kommunar. Fagområda til dagens lærlingar lokalt er:

- Plastfaget

- Industrisnikkarfaget

- Industrimekanikarfaget

- Automatiseringsfaget

- Industritekstilfaget

- CNC-maskineringsfaget og

- Byggdriftarfaget

Andre fag er også aktuell påpeikar ho, det er heile tida bedriftene som styrer kva fag dei har behov for og vil ha lærling i.

Konklusjon

Det er ingen tvil om at industriturnéen er meir enn bedriftsbesøk. Den er ei moglegheit for dei komande lærlingane til å finne sin veg, og eit eksempel på korleis bedrifter og samfunn kan samarbeide for ei lys framtid. Arrangementet har ein ekstra dimensjon i her i Sykkylven og Stranda. Vi stolt av vår industrielle arv, og bedriftene visar at dei ønskjer å oppmuntre ungdommen til å verte ein del av den. Arrangementet visar korleis industrisektoren ikkje berre gir arbeidsplassar, men også bygg bruer mellom generasjonar og formar lokalsamfunnet på ein positiv måte, saman med opplæringskontoret.

Vil du vite meir om lærlingordninga eller det å ha elevar i utplassering?

Ta kontakt med opplæringskontoret.