Bu her

God respons på BLI MED HIT! – Møre og Romsdal i Trondheim

October 31, 2025

Over 220 interesserte kandidatar besøkte BLI MED HIT! - Møre og Romsdal i Trondheim, der Sykkylven var godt representert med Griff Aviation, Sykkylven kommune, Næringsfabrikken og Sykkylven Industri- og Næringslag. Målet med messa var å vise fram jobb- og bu-moglegheiter i fylket, og det vart verkeleg merksemd rundt standen frå Sykkylven.

Det var verkeleg «trøkk» på standen vår i år samanlikna med tidlegare år, fortel Lise Gundersen Haukeberg frå Omstillingsprogrammet.

Griff Aviation melde tilbake at dei fekk mange gode kandidatar innom, og interessa for både faste stillingar og sommarjobbar var stor.

I tillegg til å rekruttere til konkrete stillingar, handlar dette også om omdømebygging, det å vise fram kommunen og regionen som ein attraktiv plass å bu og jobbe, seier Haukeberg.

Ho trekk fram samarbeidet mellom kommunane og næringsforeiningane i fylket som avgjerande for å lukkast.

Vi er ein del av ein større bu- og arbeidsmarknadsregion, og det er kjempeviktig at vi står saman med dei andre bedriftene og kommunane i fylket vårt og viser fram moglegheitene. Dei tre største næringsforeiningane - KNN, MNF og Ålesund Næringsforening gjer ein kjempejobb her.

Eit tema som engasjerte mange under messa, var Summer Internship-programmet ILAG, som legg til rette for fellesskap for dei som har sommarjobb eller internship i Sykkylven.

Det var mange som kunne tenke seg å bli med på ILAG neste sommar, så her ser vi verkeleg at vi treff ei viktig målgruppe, seier Haukeberg. - No håpar vi at endå fleire bedrifter i Sykkylven vil sjå på moglegheita til å tilby sommarjobbar i 2026.
Lise saman med Sigrid frå ILAG

Per Kjetil Våtmyr, leiar i Sykkylven Industri- og Næringslag, opplevde også stor interesse frå besøkande:

Mange ville søke jobb i Sykkylven, og fleire spurte spesifikt om internship og sommarjobb, også på grunn av ILAG. Det er tydeleg at folk ønskjer seg ein fot inn døra, og eit sosialt fellesskap er viktig ha på plass, fortel han.

Han legg til at fleire besøkande såg på Sykkylven som ein spennande plass å flytte til:

Folk som studerer på Austlandet hadde inga betenking med å flytte for ei spennande stilling. Det var kjekt å kunne fortelje om alt det positive som skjer i Sykkylven og dei mange jobbmoglegheitene som finst her.
Kurt Roger Sørgård frå Næringsfabrikken og Per Kjetil pratar med studentar

Etter sjølve messa arrangerte dei eit SNAKKAST-treff for utflytta sykkylvingar og andre med interesse for kommunen.

Heile åtte personar busett i Trondheim vart med oss. Det vart gode samtalar om kva studentar og unge arbeidssøkjarar ser etter når dei skal etablere seg, og kva vi som arbeidsgivarar kan tilby, fortel Haukeberg.

Våtmyr håpar fleire bedrifter frå Sykkylven blir med på neste års messe:

Det er viktig at vi viser oss fram som ein samla og framtidsretta kommune. Jo fleire som deltek, jo sterkare står vi.