Aktuelt

Etterspør "summer internships" i Sykkylven

November 15, 2023
Studentar i Trondheim er nysgjerrige på næringslivet i Sykkylven og vil gjerne søke internships om det er mogleg.
Student som lagra kontaktinfo til Sykkylven kommune på rekrutteringsmessa "Bli med hit" i Trondheim 13.november 2023

Dei vi møtte i Trondheim denne veka på rekrutteringsmessa "Bli med hit" etterspør summer internships og traineestillingar i Sykkylven, og bedrifter med problemstillingar for masteroppgåve.

Sykkylven kommune jobbar langsiktig med omdømebygging og rekruttering – ein av aktivitetane vi deltek på i dette arbeidet er møteplassen «Bli med hit». I lag med fylkeskommunen, andre kommunar og næringsliv i Møre og Romsdal treff vi potensielle nye arbeidstakarar og innbyggjarar på messe i Trondheim om hausten og i Oslo på våren. Vi har trua på at vi står sterkare saman enn aleine når vi skal rekruttere framtidig arbeidskraft til regionen.

Måndag denne veka var vi i Trondheim og møtte mange unge med spanande utdanningar, og best av alt; dei er nysgjerrige på å flytte til regionen vår og nysgjerrige på moglegheitene for arbeid her! "Vi" er Sykkylven kommune og kommunens næringsapparat, og ei bedrift; Ekornes, representert med to stykk i frå produktutviklingsavdelinga. Vi gjorde vårt aller beste for å framsnakke både Sykkylven som plass å bu og bedriftene interessante og framtidsretta arbeidsplassar. At vi er ein del av ein større arbeidsmarknadsregion var også viktig å framheve, da unge i dag skal skifte arbeid nokre gongar i sitt arbeidsliv og treng å vite at det finst fleire moglegheiter for jobbytte.

Noko av det fleire av dei unge besøkande etterlyste var moglegheit til summer internships (sommerjobb) og traineestillingar (praktikant/lærling). Nokon var også interessert i å skrive masteroppgåve i samarbeid med bedrifter i frå Sykkylven. Så her har vi fleire konkrete tiltak å jobbe vidare med framover for å kople enda fleire unge med næringslivet i Sykkylven.

Takk til arrangørkomiteen bak "Bli med hit", Molde Næringsforum, Kristiansund og Nordmøre Næringsforum og Næringsforeningen i Ålesundsregionen. Eit skikkelig bra tiltak for regionen vår som vi heia på!  Les meir om «bli med hit» her.

Og vil du bli enno betre kjent med den generasjonen som no skal ut i arbeidslivet og som du skal bli kollega eller arbeidsgivar til? Bli med på lunsjseminar om morgondagens arbeidstakar den 30.november, påmelding finn du her.