Aktuelt

BrobygGEN - workshop med Trude Falck Bjånes

August 28, 2024
Kan brubygging på tvers av generasjonar løne seg for bedriftene? Workshop oppsummert:
Trude Falck Bjånes visar eit bilde ho har lånt, av "vinnerøya" og "offerøya"

Førre veke arrangerte vi workshop om brubygging på arbeidsplassen, med ledelse og endringskonsulent i itstimeout, Trude Falck Bjånes. Med på workshop var også bedriftsleiarar, medarbeiderar, HR-ansvarlege frå Sykkylven, Stranda, Ålesund & omegn, samt rådgjevarar frå "Eit aldersvenleg Norge". Vi fekk mange gode refleksjonar rundt aldersdiskriminering - kva det er, kvifor ein må vere bevisst det og korleis ein kan jobbe for eit meir inkluderande arbeidsliv.

"Negative holdninger til eldre griper dypt inn i samfunnet. Alder har blitt det mest utbredte diskrimineringsgrunnlaget i arbeidslivet, viser internasjonal forskning."

- forskning.no (2022)

Samtidig viser NAV sin bedriftsundersøkelse frå 2024 at nesten kvar fjerde virksomhet (23 prosent) oppgir å ha rekrutteringsproblem. Med slike tall sei det seg sjølv at det er viktig å erkjenne ressursen en senior kan vere, og få det beste ut av alle arbeidstakarar - så lenge som mogleg.

"Et fåtall av ledere (18 %) svarer at de opplever at det foregår aldersdiskriminering i arbeidslivet i noen særlig grad (svært ofte/ofte/av og til). Likevel svarer om lag 6 av 10 at de har opplevd at yngre blir foretrukket når ny teknologi eller nye arbeidsmåter skal innføres. Ledere i private virksomheter har i mer utstrakt grad opplevd at eldre forbigås ved forfremmelser og internrekruttering, sjeldnere får delta på kurs og opplæring, og blir nedprioritert ved innføring av ny teknologi eller arbeidsmåter...

Norsk seniorpolitisk barometer

Så, korleis skal ein jobbe for å unngå aldersdiskriminering?

Her er ingen fasit. Kvar bedrift har sin kultur, men konklusjonar frå workshopen inkludera:

  • Aldersdiskriminering er eit leiaransvar, og bør setjast på agendaen
  • Legg til rette for felles sosiale arenaer og bland aldersgrupper for at ein skal bli kjent med kvarandre på tvers av generasjonar. Kanskje kan du be dine tilsette blande seg ved lunsjbordet på tvers av alder -ikkje la alle lærlingane sitte ålene ved eitt bord. 
  • Folk er forskjellig og det er veldig vanleg å irritere seg over kva andre gjer. Kanskje bør ein tenke litt gjennom: Kvifor irritera eg meg over det andre gjer? Kva kan andre irritere seg over med meg?
  • Vi må erkjenne ressursane vi sit med, i alle aldersgrupper. ALLE har noko å bidra med, og ofte sit bedriftene med langt større ressursar enn ein er klar over og dreg nytte av
  • Snakk høgt, nokon kan ha dårleg høyrsel
  • Erkjenn og godta at der kan vere ulike behov til opplæring på digitale verktøy/ nye system, med behov for tilrettelagt opplæring (i alle aldre)
  • For unge generelt handler det mykje om "umiddelbarhet", fortel Trude. Ein er vant med at ting skjer fort og ein må "hive seg på" for å følgje utviklinga. Med dette grunnlaget kan det vere vanskeleg å forhalde seg til ein meir langsiktig tankegang, som dei med litt meir erfaring gjerne har. Når ein idé vert avslått utan vidare forklaring enn "det har vi prøvd før, det fungerte ikkje", kan ein fort miste motet. Set pris på engasjement.

Så, kjære leiar, sett av litt tid til å tenke på korleis du kan legge til rette for at ein skal oppdage, verdsette og utnytte ressursar på tvers av generasjonar i di bedrift.

Og du...

...som følar deg truffen og ser på deg sjølv som "eldre" i bedrifta

La det synke inn, kor mykje du har å tilby. Kanskje hadde det vore litt kjekt, om alle dine år med erfaring vart vidareført og kunne leve vidare i bedrifta du har jobba så hardt for? Kanskje kan du støtte dei som går gjennom livsfaser du har vore i sjølv? Kanskje kan du gå inn for å bli bedre kjent, få meir forståing og også få støtte til å bli en mester på data - kanskje kan det fortsatt vere kjekt å lære?

...som er ung arbeidstakar

Sett av eit minutt til å reflektere over at dine kollegaer er forelde, søsken og kanskje besteforeldre. Ikkje berre har dei lang arbeidserfaring, men dei har også lang livserfaring - eit menneskje som står i sin heilt eigen situasjon og har vore gjennom mykje. Unik, og minst like kompleks som du. Eit menneskje som er gull verdt - om ein er nysgjerrig, interessert og har respekt.

"Sjå igjen" oppfordra Trude oss til, "ingen er berre den du ser".

Du tar eit val kvar dag når du går inn døra til jobb, meinar Trude - skal du framsnakke, samarbeide og bidra til at ein løftar kvarandre opp, eller skal du fokusere på å halde ut ein dag til - i berre 20 år, til pensjonsalder?