Temakveld om utdanning for foreldre og ungdom 4. november

Meir info om klokkeslett, stad og påmelding kjem - hald av kvelden!
Kven arrangera? Samarbeidsforumet Skulenær
Faktaboks om Skulenær:
Formål:
1. Behovsretting av utdanningstilbodet for å for å møte framtidig kompetanse- og kapasitetsbehov i næringslivet lokalt/regionalt – vi skal bidra til å utdanne elevar som næringslivet har behov for.
2. Styrke den vidaregåande skulen i Sykkylven – vi skal bidra til å styrke den vidaregåande skulen i Sykkylven gjennom å jobbe saman for å tilby relevante faglinjer, samt vere ein pådrivar i arbeidet med å informere og påverke på ungdomsskulenivå.
Mandat:
Samarbeidsforumet ønska å vere ein dialogarena for lokalt næringsliv og skulane i Sykkylven som kan ta dei overordna diskusjonane. Samarbeidsforumet skal kunne gje innspel der og når det er relevant, og vere ein pådrivar for å sette i gong aktivitet som bidreg til hovudformåla til forumet (sjå hovudformål 1 og 2).