Sirkulær hub 27. november
Vi ønskjer å invitere deg til eit uformelt og praktisk retta seminar om det å vere ein sirkulær HUB – altså korleis vi saman kan skape løysingar som både gir meining for miljøet og verdi for bedrifta di.
Meld deg på

Her får du ikkje lange foredrag om kva som burde gjerast, men konkrete døme, korte innlegg og gode samtalar. Målet er å sjå på kva som faktisk er mogleg, lokalt – saman.
Når: 27. november
Kor: Næringsfabrikken
Varigheit: 09:00-13:00 (kan kome justering på tidspunkt - så hald gjerne av dagen)
Kvifor delta? Blant anna fordi;
- Du får presentert avfallskartlegginga som NTNU-studentane Synne og Jakob gjennomførte i Sykkylven i sommar - som du kanskje var ei del av?
- Du får høyre om vegkart og verktøy innan det sirkulære frå Norsk Industri
- Du får høyre korleis andre verksemder jobbar sirkulært – utan at det må vere komplisert
- Du kan knyte kontaktar og sjå nye moglegheiter for samarbeid
- Du får inspirasjon til små og store grep som kan lønne seg
"VI" som står bak denne invitasjonen er ei gruppe representantar frå Innovasjon Norge, Møre og Romsdal fylkeskommune, Norsk Industri, PlussLab Kompetansesenter, Framtidslaben, Sykkylven Næringsutvikling og Omstillingsprogrammet i Sykkylven kommune.
Vi håpar du har lyst til å vere med og bidra. Ta kontakt om du har spørsmål eller innspel!
Lise Haukeberg
lise.haukeberg@sykkylven.kommune.no