October 30, 2025

Næringspub - Norsk design ut i verden!

Velkomen til open pubkveld på Næringsfabrikken!Dørene opnar kl. 19.00, og programmet startar kl. 20.00.
Meld deg på

Kveldens gjester er:

Mariana Sousa, Head of Design og vinnar av Red Dot Award for produktdesign

Hilde Angelfoss, professor ved Institutt for design ved Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo

Ragnhild Grytten, marknadssjef i Norsk Industri

Jan Lade, norsk interiørarkitekt og møbeldesignar

Kurt har fått med seg Jan Lade og ein masterstudent frå Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo, og opnar kvelden med ein samtale om det å vere fersk i bransjen og kva erfaringar ein gjer seg med fleire år i yrket. Deretter tek Ragnhild Grytten over og leiar ein lettbeint samtale med Mariana, Hilde og Jan på scena. Her blir det også høve til å stille spørsmål dersom noko vekkjer særleg interesse.

Denne kvelden vert arrangert i samband med at Møbelmuseet/VITI, PlussLab og Sykkylven Næringsutvikling inviterer Norsk Industri Designindustrien til det årlege bransjetreffet i møbelhovudstaden Sykkylven tidlegare på dagen.