November 18, 2025

Kurs i 3D-printing

Sykkylven Industri- og Næringslag inviterer til kurs i 3D-printing på Sykkylven vidaregåande skule tysdag 18. november frå klokka 09:30 til 14:00
Meld deg på

Kurset gir ei praktisk innføring i korleis 3D-printing fungerer, kva moglegheiter teknologien gir, og korleis du kan ta han i bruk i eiga verksemd eller prosjekt.

Det er avgrensa med plassar, og ved stor pågang vil det bli sett opp fleire kurs.

Lunsj er inkludert, levert av HUSET.

Kurset er gratis for medlemmar i Sykkylven Industri- og Næringslag, medan ikkje-medlemmar betaler 1500 kroner.

Send gjerne invitasjonen vidare til relevante kollegaer – eller meld deg på sjølv!