Hit eit steg og dit eit steg

Samarbeidsforumet Skulenær ønsker å invitere elevar og foresatte ved Sykkylven ungdomsskule og Sykkylven vidaregåande skule til ein hyggeleg kveld med innblikk i utdannings- og jobbmoglegheitene i Sykkylven
Program for kvelden:
Vi får høyre frå 2 elevar frå Sykkylven VGS
- Jonatan Liaskar og Mia Flister
Kurt Roger Sørgård og Mathias Hovet
-Kva har ført dei tilbake til Sykkylven?
Lærling i Sykkylven kommune
- Kva er kompetansebehovet i kommunen?
Ulike bedrifter
- Bilspesialisten, Griff og Sykkylven Stål
Trude Huse, avdelingsleiar Sykkylven VGS
- Moglegheiter innan utdanningssystemet
Samarbeidsforumet skulenær består av representantar frå ungdomsskulen, Sykkylven vidaregåande, NAV, Sykkylven industri- og næringslag, opplæringskontoret, kommune og fylket.
Det handlar om å knytte utdanning og næringsliv tettare saman.