October 17, 2025

Frukostmøte om syklegheit og marknadsføring med KLIV kl.08:30

Kva om vi fortalde deg at sosiale medium kan vere nøkkelen til å løfte verksemda di? Dette vil vi snakke meir om på frukostmøtet.
Meld deg på
Synleg - herifrå

Karoline Tynes og Nicolai Karlsen står bak KLIV - eit nytt kreativt byrå og positivt tilskot til bygda. Målet deira er å hjelpe lokale aktørar å bli meir synlege digitalt, ved å vise fram det unike dei allereie skapar. For her i Sykkylven finst det produkt og tenester i verdsklasse. Ofte blir det ikkje kommunisert, verken til nærmiljøet eller til verda. Ein skal ikkje vere redd for å vere stolt!

På frukostmøtet vil dei snakke om kvifor synlegheit i sosiale medium er avgjerande, korleis du kan bruke plattformane både strategisk og kreativt, og korleis vi saman kan sørgje for at dei sterke lokale historiane faktisk når ut til fleire.

Velkomen til oss 17.10 kl. 08.30!