April 29, 2025

Bransjetreff for Destinasjon Ålesund og Sunnmøre

Destinasjon Ålesund og Sunnmøre inviterar til årsmøte og bransjetreff på Thon Hotel Ålesund.
Meld deg på
Ålesund|© Arnfinn Tønnesen

Tid: Tirsdag 29. april 2025

Stad: Thon Hotel Ålesund

Lenke til påmelding nedst på sida.

09.15 – 09.50 Registrering – kom i god tid.

Dei som skal på Del 4 må hente billett i registreringa.

DEL 1 - ÅRSMØTE

10.00 – 10.45 Årsmøte for reiselivsåret 2024

10.45 – 11.00 Kort pause og registrering for dei som ikkje kom til årsmøtet

DEL 2 – BRANSJETREFF

11.00 – 11.10 Velkomen

Reiselivssjef i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre, Tom Anker Skrede ønsker velkomen.

11.15 – 11.45 Korleis marknadsførar og sel vi regionen?

Marknadssjef for Destinasjon Ålesund & Sunnmøre og Visit Nordvest, Eline Karlsdatter Fladseth vil ta oss

gjennom forbrukarkampanjene vi har gjennomført i 2024, og vegen framover.

Salssjef B2B for Destinasjon Ålesund & Sunnmøre og Visit Nordvest, Oddhild Breivik informerer om

turoperatørarbeidet, kven vi rettar oss mot og gir oss tilbakemeldingar frå marknaden.

11.45 – 12.10 Sofadiskusjon – «Familieråd» for dei to destinasjonsselskapa

Diskusjon og høve for deltakarar til å stille spørsmål rundt ei potensiell samanslåing av Visit Nordvest og

Destinasjon Ålesund & Sunnmøre. Vi har allereie eit godt «særbuarskap», skal vi inngå ekteskap og

formalisere samarbeidet? Eller skal vi gå kvar til vårt?

12.10 – 12.55 Lunsj på Thon Hotel Ålesund

13.00 – 13.20 This is Yvonne

Yvonne Haagensen, SoMe-ansvarlig og søtpotet hos Thon Hotel Ålesund.

Garantert “Refreshing”.

13.25 – 13.50 This is Visit Norway

Evgenia Egorova, Social media lead hos Visitnorway vil presentere korleis Visit Norway jobbar med

storytelling og sosiale medium, og om samarbeidet med Destinasjon Ålesund & Sunnmøre.

13.55 – 14.20 This is who

Korleis når vi målgruppa vår i sosiale media? Stefan Olsen frå Up and Away vil gi oss ein speedversjon av

korleis algoritmene fungerer og kven dei treff. Kva er utfordringane? Og har vi oppnådd måla våre med

kampanjene?

14.25 – 14.30 Kort oppsummering før vi avsluttar og dei som ønsker går vidare til neste sesjon på

Molo Brew.

DEL 3 – THE NORTH WEST

Festivalen «The North West» finn stad i Ålesund denne veka med eit svært aktuelt program.

Tema er Tillit.

The North West er ein samfunnsfestival som samlar folk for å dele opplevingar, kunnskap og idear.

Festivalen har som mål å styrke fellesskap, gi fleire kjensla av tilhøyrsle og bidra til betre livskvalitet.

Menneske og relasjonar står i sentrum, med fokus på inkludering og stadstilhøyrsle. Festivalen er ideell,

partipolitisk uavhengig og redaktørstyrt.

Vi har ein avtale med The North West om eit avgrensa tal billettar på ein av sesjonane til ein god pris og

håpar at mange vil bli med. Ver snar! Første mann til mølla.

15.00 – 16.30 «Politikk, løgn og pengar – kvar går demokratiet»

Forfattar Jette F. Christensen, professor Oddveig Storstad, og rektor ved NTNU Tor Grande kjem for å

snakke om høgaktuelle tema i ei uroleg verd der demokratiet er truga i stadig større delar av verda.

Arrangementet finn stad på Molo Brew.

DEL 4 MIDDAG OG HYGGELEG SAMVÆR MED GODE KOLLEGAER

17.00 – 20.00

Vi går vidare til Dampsentralen og har eit uformellt måltid med pizzabuffet, og møter nye og gamle

reiselivsvener frå regionen. Meld deg på i lenka under.

DELTAKARAVGIFT

Del 1:

Årsmøtet er kostnadsfritt.

Del 1 og 2

Årsmøte og presentasjonar, samt lunsj kr 250 + mva. per person. (Kr 550 for ikkje medlemer.)

Del 1, 2 og 3

Årsmøte og foredrag med lunsj samt billett til foredrag på The North West.

Kr 300 p.p. + mva. (650 for ikkje-medlemer).

Pakkepris for heile dagen, del 1, 2, 3, og 4

Årsmøte og foredrag med lunsj, foredrag på The North West, og pizza på Dampsentralen.

Kr 560 p.p. + mva. (950 for ikkje-medlemer).

Drikke betalast sjølv på staden.

OVERNATTING

Thon Hotel Ålesund tilbyr ein spesialpris for overnatting. Booking HER.

PÅMELDING

Påmeldingsfrist: 10. april.

Lenke til påmelding: https://forms.office.com/e/4migCSb6bM

Vi gjer merksam på at det kan kome mindre endringar i programmet.