December 3, 2025

KS-programmet Læring for næring 3. desember

Tysdag 3. desember kjem 12 kommunar og rundt 40 deltakarar frå Møre og Romsdal til Sykkylven for årets siste samling i Læring for næring.
Meld deg på

Programmet er KS sin satsing på kompetanseheving, innovasjon og tettare samarbeid mellom kommunar og lokalt næringsliv.

Sykkylven kommune med Næringsteamet deltok i programmet i 2024, og er i år vertskap for avslutningssamlinga på Næringsfabrikken. Her møtast både årets og fjorårets deltakarar til ein dag med fagleg påfyll, erfaringsdeling og læring på tvers av kommunar og sektorar.

Les meir om Læring for næring her: https://www.ks.no/regioner/ks-more-og-romsdal/laring-for-naring/

Vi ser fram til ein inspirerande dag der Sykkylven får vise fram både Næringsfabrikken og samarbeidet som skjer i og rundt kommunen.